Jon Hjørnevik

«Nei og Nei. Nok ein kveld med Jon Hjørnevik – og Dagfinn Iversen».

 

Jon Hjørnevik er attende på Festivieten – med hårreisande dikt og Dagfinn Iversen på gitar. Her er temaet, som alltid, store krigar og små krigar. Det vert krig mellom slektningar, ektefellar og naboar. Me møter personlege krigar og indre krig. Det går i Din krig og min krig. Altså: Krig opp, krig ned og krig i mente. I si sjuande diktsamling var temaet ganske enkelt det folk rundt Hjørnevik har måtta slite med og krige om. Han tek også for seg dei som gir f… og ikkje går i krigen. Ta ein pause frå kvardagskrigen og opplev nye hårreisande dikt i kombo med gamle, lyriske HITS.

 

PS. For deg som hatar dikt kan kvelden reddast av Iversens gitartonar.