OLAV STEDJE – En uhøytidelig og enestående konsertopplevelse

”Ta meg med”, ”Vi vandrar saman”, ”E-18”, ”Ein nordmann sin draum”, Du kjenner dei alle, og sangane treff deg ennå midt i hjarta kvar einaste gong du høyrer dei. Og når du nynnar med får du smilet og barten til Olav Stedje på netthinna – verdens mest sjarmerande sogning.

Tru det eller ikkje, men i år er det 37 sidan Olav Stedje pakka songboka og gitaren og reiste frå barndomsheimen i Sogndal.

Etter nokre år i danseband, ville Olav meir, han ville spela låtar som var skreddarsydde, han ville bli soloartist.

Platedebuten kom i 1981, og med dei norske superhitane ”Ta meg med” og ”Vi vandrar saman” var han plutseleg sangstjerne og Norge sitt svar på James Taylor. Olav hadde fått til det kunststykkje å smelta saman nynorsk, flotte melodiar og amerikansk softrock! Kombinasjonen var ein suksess. Køane utanfor samfunnshus, klubbar og konsertlokaler blei lange når Olav var på plakaten.

No gjekk karrieren raskt vidare med nye plater og eit tett samarbeid med produsent, gitarist og komponist Svein Dag Hauge. Stemningsfulle sangar, gode melodiar og ærlege tekstar treffte fansen gong etter gong. Alle ville ha ein bit av Olav som også vart tildelt seks sølvplater og Spellemannspris.

Men i 1990 valgde Norge si store sangstjerne beskedent nok å leggje inn nokre små kvileskjær. Med unnatak av eit nytt album i 1995 og ei samleplate i 1998, held Olav seg unna rampelyset og dei store konsertane. I 2004 var han tilbake i rampelyset igjen. Først saman med Mia Gundersen i ein hyllest til Ole Ivars, og så gjennom fleire nye kvalitets-album med populære sangar som enno kunne gleda menneskje over heile Norge.

Olav Stedje har hatt ei utruleg stayerevne. Sangglede kvalitet og ærligheit har ikkje vorte mindre med åra. Han er audmjukover eigen suksess og let seg framleis gleda over allsang og tårer når publikum vert reve med.

Med 13 plateutgivelsar, eit fantastisk band i ryggen og framleis ekte, solid speleglede i bagasjen, er det no klart for ein Vestlandsturne for den populære sogningen.

Med ”Ta meg med” og alle dei andre flotte sangane han er kjend for, kjem Olav Stedje og det 5-manns sterke bandet hans nok ein gong til å gleda både gamle og nye fans!

SVEIN DAG HAUGE GITARAR/MUSIKALSK LEIAR • PER HILLESTAD TROMMER KAI TAULE BASS • STEINAR BORVIK SAKSOFON OG GITARAR
FRODE MANGEN TANGENTAR • EILIF STENE LYDDESIGN