Frikar // Skaut

I SKAUT møter du fem kvinnelege dansarar som på ulikt vis søkjer fridom gjennom på- og avkledning. Dei både strammar strikken og sler ut håret gjennom bunden samtidsdans og... Les mer

I SKAUT møter du fem kvinnelege dansarar som på ulikt vis søkjer fridom gjennom på- og avkledning. Dei både strammar strikken og sler ut håret gjennom bunden samtidsdans og fri folkedans.

 

Koreograf Hallgrim Hansegård har fokusert på tematikken rundt tildekking, avdekking og kontroll av kropp. Dei fem medskapande dansarane sine opplevingar av å vera kvinne i dag har også prega framsyninga. Da me lagde SKAUT studerte me 18- og 1900-talets religiøse og praktiske skautbruk. Me snakka med eldre kvinner frå Valdres som vaks opp med skaut og med yngre hijab- og skautbrukarar i dag.

 

Det ufiltrerte uttrykket er sentralt i framsyninga. Dansarane har lært kyr- og geitelokking som er sangtradisjonar utvikla av kvinner for kvinner og dyr. Dansarane leiker med folkedansen sine tradisjonelle kjønnsroller, og kaster seg ut i dei heftigaste karstykka.

 

SKAUT er ei jordnær framsyning som tek folkedans til nye høgder.

 

OM FRIKAR

FRIKAR sitt motto er «Fri deg sjølv», fordi å krysse mentale så vel som fysiske, kulturelle og faglege grenser ligg til grunn i alt vårt arbeid. Frikar er kjenneteikna av fysisk virtuositet blanda med stor musikalitet og ein fri omgang med moderne og tradisjonelle uttrykk. FRIKAR ser bakover og satsar framover!

 

FRIKAR vart oppretta i 2006 med Hallgrim Hansegård i spissen, kompaniet har base Valdres, midt i hjartet av Noreg.