Han Innantes 5.Revy: «Basar».

Ny Revy med Han Innante og Torolf Nordbø m/venner

Dette blir tidenes ”Basar” med alt som fyljer med. Kjende og kjære venner som Oppfinnaren Sjur og Rongknoken Gunnvald , Alias Arne Nordbø dukkar opp. Arne Nordbø kjem også med fleire overraskande nye figurar. Torolf Nordbø framfører fleire av radio-hitane sine med eit topp orkester med heimehjelpa Rita Fotland i spissen. Torolf Nordbø har denne gongen også med seg  ein av norges største songarar; Gunstein Draugedalen. Draugedalen har seld over 250 000 plater. Sønene til Torolf Nordbø; Oskar og Edvard, som er etablerte artistar, stiller også som ”The Folk Brothers” med eigne songar.