Han Innantes «Utvandrings-Revy» EKSTRA I SALG NÅ
Frå Rogaland til Amerika; m/ song, humor og historie! 2025 er 200-jubileumsåret for den første organiserte utvandringa frå Norge til Amerika. Den blei organisert av Cleng Person, fødd: Tysvær, budde i... Les mer
Frå Rogaland til Amerika; m/ song, humor og historie!
2025 er 200-jubileumsåret for den første organiserte utvandringa frå Norge til Amerika. Den blei organisert av Cleng Person, fødd: Tysvær, budde i Tysvær, Finnøy og Amerika.
Han Innante, Torolf Nordbø, Arne Nordbø og Synnøve Aanensen kjem i denne revyen med ein hyllest til desse som drog over.
Dei har med seg eit godt orkester, og songane kjem i stilarter som me kjenner frå USA; Country, gospel, folk, blue grass og roots.
Dei krydrar revyen med små spanande historier frå eiga slekt som var med i fire ulike utvandringsbølger til ulike delar av Amerika gjennom 200 år.
Arne Nordbø var initiativtaker til å få laga sluppen «Restaurasjon», ein replika av den første båten som starta den organisert utvandringa frå Norge til Amerika i 1825. Den seilte fra Stavanger. Den nye «Restaurasjon» skal reise frå Stavanger til USA 4.juli 2025!
Brørne Torolf Nordbø og Arne Nordbø er frå Finnøy der Cleng Person budde ei stund. Dei er også slekt med Alfred Hauge som skreiv Cleng Person-trilogien om den første turen i 1825. Alfred var søskenbarn til mora deira.
Store delar av farsslekta riste også over.
Synnøve Aanensen, ei av norges flinkaste country/gospel-songar, har turnert masse i Usa og har som Karmøy-jente mykje av slekta si i USA.