
Jon Hjørnevik – Eit sant helvete sidan 2001
Hjørnevik og Iversen er dessverre tilbake i Haugesund. Også denne gong på Festiviteten. Dette er flatt fram dikt, prat og song av verste sort. Så ta fri frå kvardagens klamme klut. Kom og... Les mer
Hjørnevik og Iversen er dessverre tilbake i Haugesund.
Også denne gong på Festiviteten.
Dette er flatt fram dikt, prat og song av verste sort.
Så ta fri frå kvardagens klamme klut.
Kom og bli med på ein lyrisk kjempesmell.
Hjørnevik og Iversen har drive på med dette sidan 2001.
Fleire har prøvd å stoppe dei, utan hell. Heller ikkje Festiviteten klarer det.
Her er nye og gamle Greatest Dikts med på plakaten.
Frå Slektserotikk og Shortsen til far min til Årsmøte i Ålesund Rundbrennarlag.
Kjøp billett idag og kom på Dikt Live med Hjørnevik og Iversen. Enten du likar det eller ikkje.
- Showet inneheld innslag av nynorsk. For dei som ikkje likar dikt er det ein del gitartonar å høyre på. Det er også lov å tvinge vener til å bli med på show.