Musikk ved havets begynnelse – Konsert med Ketil Bjørnstad

Ketil Bjørnstad er beden av Fartein Valen-festivalen om å formidle si tolking av diktet “Le Cimetiere marin” av Paul Valery i ein konsertproduksjon som skal framførast 28.april 2022. Valéry... Les mer

Ketil Bjørnstad er beden av Fartein Valen-festivalen om å formidle si tolking av diktet “Le Cimetiere marin” av Paul Valery i ein konsertproduksjon som skal framførast 28.april 2022. Valéry vart fødd i Séte i Frankrike, byen ligg ved Middelhavskysten. Her ligg ein kolerakyrkjegard på eit høgdedrag over byen. Valéry skreiv diktet i 1922 og det vart omsett til mange språk. Under festivalen vert det markert at det er 100 år sidan diktet vart skrive. Vi bidreg på denne måten til å markere eit jubileum for diktet, samtidig som me ynskjer å få fram aktualiteten i det. Det er vår intensjon å skape ein møtestad for ulike kunstnarlege uttrykk frå ulike tider som handlar om korleis det er å vera menneske. Dette er etter vårt syn ein veg å gå for å koma bak notane til Valen sin musikk og det gjev oss høve til djupare forståinga av diktet. Ketil Bjørnstad har kalla sin komposisjon «Musikk ved havets begynnelse» og han har med seg Solveig Andsnes, Nils Økland og Rune Andersen . Bjørnstad innleier konserten med ein soloavdeling.