Hildegunn & Leif Per – Utan kringkastingsorkesteret

Den eksentriske humorduoen frå Sunnmøre er endeleg tilbake i norsk showbiz!   Mykje har skjedd i livet til Hildegunn sidan sist: Ho har skilt seg etter 34 års ekteskap, ho har... Les mer

Den eksentriske humorduoen frå Sunnmøre er endeleg tilbake i norsk showbiz!

 

Mykje har skjedd i livet til Hildegunn sidan sist: Ho har skilt seg etter 34 års ekteskap, ho har blitt bestemor til sju (May-Tordis, May-Monica, Magne-Svein, Therese-Merethe, Tove-Gunn, Per-Sindre og stakars, vesle Tim), ho har fått kjenne på dyrtida – og dermed fått seg deltidsjobb på Cubus. I tillegg har ho endeleg greidd å fullføre ei etterlengta nettutdanning som mental-coach ved The Californian Institute of Female Empowerment and Spirituality. 

 

Leif-Per brenn inne med Sunnmøres største DVD-samling, og trass i at han har fått installert vakuumtoalett på hytta si, og at han sannsynlegvis er Sunnmøres mest habile gitarist, er han framleis singel. Denne gongen satsar radarparet frå Ulsteinvik stort på alle dei moglegheitene som melder seg når ein ikkje skal samarbeide med sjølvaste Kringkastingsorkesteret. Det blir musikk, komikk og dramatikk…

 

Spenn deg fast for ein humorkveld som ikkje liknar så veldig mykje anna i den norske underholdningsbransjen!